Siste nyheter

Utekino på St.hanshaugen // Pans labyrint

Fredag 31. august inviterer arthaus til utekino på St. Hanshaugen – og det for 16. gang. Hold av kvelden fredag 31. august,...

 

StudioGhibli-festival på Odeon Oslo

Den 15. juni flyr verdens kuleste lille heks, Kiki, tilbake på kinolerretet! Det feirer vi med en hel helg med eventyrlige filmklassikere fra legendariske StudioGhibli på Odeon Oslo....

 

Velkommen til sommerfest!

Tradisjonen tro har vi vår årlige sommerfest – det skjer 6. juni på Ingensteds! Dørene åpner kl 19.00 – aldersgrense 20 år.

 

 

Regissørmøte: Dag Johan Haugerud

Journalist og skuespiller Hans Olav Brenner filmbader regissør og manusforfatter Dag Johan Haugerud, som etter kritikersuksessen «Som du ser meg» snart er klar med sin andre...

 

Arthaus søker filmentusiaster til Scope100

Vil du være med å velge ut en av årets arthausfilmer? Vi søker 100 filminteresserte fra hele landet til tredje runde av Scope100. Er du en av dem?

 

Erika Fatland introduserer Andrej Zvjagintsevs SAVNET

Velkommen til spesialvisning Andrej Zvjaginsevs Savnet (Nelyubov | Loveless) søndag 28. januar kl 15.00 på Gimle kino. Visningen introduseres av forfatter og sosialantropolog...

 
 
Tittel: Faustas perler
Original tittel: La teta asustada
Regi: Claudia Llosa
Skuespillere: Magaly Solier, Susi Sánchez, Efraín Solis, Marino Ballón
Manus: Claudia Llosa
Sjanger: Drama
Nasjonalitet: Peru
Språk: Spansk
Lengde: 1 t. 38 min.
Produksjonsår: 2009
Sensur: Tillatt for alle
Premiere kino: 16.10.2009
Release DVD: 15.02.2010

/
Relaterte linker:

Faustas perler

En poetisk reise fra frykt til frihet
En poetisk reise fra frykt til frihet. Fausta er en ung, vakker kvinne fra Peru. Hennes gamle mor har nettopp sovnet stille inn, og Fausta ønsker å oppfylle morens siste ønske om en gravplass på fødestedet. Men Fausta har ingen penger og i tillegg stor angst for omgivelsene. Hun lider av "fryktens melk", en sykdom man mener er påført henne gjennom morsmelken. For moren har opplevd de grusomste ting mens hun gikk gravid under terroren på 1980-tallet.
Fausta biter tennene sammen og tar jobben som husholderske hos en eldre kvinnelig komponist. Når hun føler angsten komme begynner hun å synge. Improviserte sanger som komponisten snapper opp og utvikler videre. Samtidig spirer et gryende vennskap mellom Fausta og komponistens gartner. Hun har begynt den lange reisen bort fra angsten.

FAUSTAS PERLER er 33 år gamle Claudia Llosas andre spillefilm. Llosa er niesen til den kjente forfatteren Mario Vargas Llosa. Hun er født og oppvokst i Lima, men forlot Peru for å studere film i Spania på slutten av 1990-tallet. I 2006 dro hun tilbake til hjemlandet for å lage debutfilmen MADEINUSA. Den vakte oppsikt på filmfestivaler verden over. Tre år senere ble FAUSTAS PERLER belønnet med Gullbjørnen på Berlin filmfestival, en av filmverdenens gjeveste priser. Med slående vakkert billedspråk og den forførende filmmusikken til Selma Mutal, formidles Faustas fortelling av Magaly Soliers nedtonede spill. En unik filmopplevelse som gir et sjeldent og poetisk bilde av Peru.

FAUSTAS PERLER er åpningsfilmen til Film fra Sør-festivalen 2009.

*******

EI PERLE FRÅ PERU
av Kjartan Fløgstad

Opningsbildet viser andletet til ei gammal kvinne som ligg og skal døy. Staden er Peru, i etterkant av krigen mot geriljaen Lysende sti (Sendero Luminoso). Den gamle kvinna er eitt av krigens offer. På folkemunne heiter det at redsla frå krigens vald og gru blir overført med morsmelka. Denne redsla rid hovudpersonen i filmen som ei mare. Namnet hennar er Fausta, og ho er dotter av den døyande kvinna.

Filmen er hennar historie. For å verna seg mot valdsmenn og inntrengarar har ho, av alle ting, gøymt ein potet i skjeden. Av og til er ein potet meir enn ein potet. Her har den særleg sterk symbolkraft. Poteten stammar frå denne delen av det sørlege Amerika. Det er ein hardfør plante som veks høgt oppe på den andinske høgsletta: El Altiplano. For inka- og aymarafolket var poteten heilag. Det er ikkje ein tilfeldig vekst Fausta har gøymt i sitt indre. Med poteten brukar ho folkeleg kunnskap og undertrykte historiske minne som vern mot overgrep.

Peru er eit land der folket er splitta av etnisitet, kjønn, sosial klasse, og språk, ikkje minst. Folk lever i same nasjonalstat, men i heilt ulike verdenar. Hovudpersonen Fausta er fattig, kvinne, av indiansk ætt, og talar quechua. Mor hennar døyr med eit siste ønske om å bli gravlagd på heimstaden. Fausta har ingen pengar, men tar seg arbeid som tenestejente i det store huset til ein kvinneleg komponist og musikar. Tilsynelatande er avstanden mellom dei uoverstigeleg. Husfrua handsamar henne som husgeråd, lærer seg ikkje eingong namnet hennar.

Men når redsla grip tak, syng Fausta. Og komponisten spissar øyrer. I ein minneverdig scene har halsbandet til husfrua slitna, og falle på golvet. Dei to kvinnene, på kne, plukkar opp perler. For kvar gong Fausta syng, skal ho få ei perle av husfrua. Her har vi ein kvinneleg peruviansk Grieg eller Dvorák eller Béla Bartók, som kan ta folketonane inn i den borgarlege salongen. Dei to kvinnene har musikken felles, ingenting anna. Kan songen vera ei bru dei imellom?

Då europearane kom til Peru, møtte dei eit land med ein innfødd høgkultur. Lima blei setet for den spanske visekongen. Peru er eit Stillehavsland, etter kvart med sterke orientalske innslag. Det kosmopolitiske har skapt ein sterk blandingskultur, i livsstil, religion, matskikkar. Den dag i dag er det peruvianske kjøkkenet truleg det mest raffinerte i Latin-Amerika. Som ein framand går Fausta gjennom dei tunge borgarlege interiøra i herskapshuset. Over henne heng portrettet av den europeiske conquistador. Han er prototypen på den valdelege mannen. Erobraren har underlagt seg landet, og kvinneerobrarane trugar kvinnene, på ny og på ny.

Det lokale dagleglivet er også prega av populærkulturen. Mot det audslege månelandskapet på Altiplano spelar dei folkelege rituala seg ut. Bryllaupa blir feira med dei billigaste produkta frå den kapitalistiske kulturindustrien. Også referansar til underhaldningsfilmen spelar med. I bildet av Fausta med si døde mor er det vanskeleg ikkje å sjå refleksar av Warren Oates' episke reise gjennom Mexico, i Sam Peckinpahs film BRING ME THE HEAD OF ALFREDO GARCIA (1974).

Songen kan ikkje binda to så ulike liv saman. Etter å ha triumfert på scenen i ein konsert for "heile Lima", droppar komponisten nådelaust hushjelpa si. Fausta har berika høgkulturen, nå kan ho gå. Gå under?

Når ikkje songen forsonar, kan kanskje felles skjebne gjera det? Den gode gartnaren i herskapshuset deler fattigdom, språk og bakgrunn med Fausta. I jorda får han plantene til å gro og bløma. Jorda er i oss alle. Med ein raud blom i munnen opnar Fausta porten til resten av verda. Når den syng eller talar, er munnen ein raud blom.

- Kjartan Fløgstad er forfattar og aktuell med boka "Grense Jakobselv"