Siste nyheter

Alle elsker THE SQUARE

Nå er Ruben Östlunds kritikerroste, sylskarpe satire THE SQUARE klar for kinoer over hele landet. Filmen vant den prestisjetunge Gullpalmen i Cannes i år, er Sveriges...

 

Innspillingen av Dag Johan Haugeruds BARN er i gang

BARN av Dag Johan Haugerud har i dag hatt sin første opptaksdag i studio i Trollhättan, med noen av Norges fremste skuespillere i rollene.

 

Gullpalme-vinner Ruben Östlund til BIFF

Ruben Östlunds Gullpalme-vinner og Sveriges Oscar-kandidat THE SQUARE åpner Bergen Internasjonale filmfestival 26. september. Östlund og produsent Erik Hemmendorff kommer til...

 

Gullbjørn-vinner Ildikó Enyedi på Norgesbesøk

Ungarske Ildikó Enyedi vant både Gullbjørnen og kritikerprisen for «Om Kropp og sjel» på Berlinalen i år, og gjorde med det et imponerende comeback. Det...

 

Studio Ghiblis ONLY YESTERDAY er månedens film på Cinemateket

Månedens film på cinemateket i september er en Studio Ghibli-klassiker fra mesterregissøren Isao Takahata (Prinsesse Kaguya og Ildluens grav)!

Only Yesterday var en av de...

 

YOUR NAME på Kulturnatt

Om ett års tid åpner VEGA SCENE – Oslos nye møtested for film og teater. Men vi klarer ikke vente så lenge: På Oslo kulturnatt inviterer vi til japansk utekino...

 
 
Tittel: Barbara
Original tittel: Barbara
Regi: Christian Petzold
Skuespillere: Nina Hoss, Ronald Zehrfeld, Rainer Bock, Christina Hecke, Claudia Geisler, Jasna Fritzi Bauer
Manus: Christian Petzold
Sjanger: Drama
Nasjonalitet: Tyskland
Språk: Tysk
Lengde: 1 t. 45 min.
Produksjonsår: 2012
Sensur: Tillatt for alle
Premiere kino: 28.09.2012
Release DVD: 02.01.2012

Relaterte linker:




Barbara

En smart, spennende og rørende film om DDR

Øst-Tyskland 1980. Legen Barbara har søkt om utreisetillatelse. Som straff blir hun forflyttet fra jobben i Berlin til et lite sykehus i et utkantstrøk. Sammen med sin kjæreste i Vest-Tyskland legger hun en plan for å flykte, men samtidig blir hun stadig mer involvert i arbeidet med pasienter på sykehuset. Dessuten får hun et spesielt forhold til sin kollega André.

BARBARA er et spennende drama med mange lag. Filmen skildrer menneskeskjebner og livet i DDR med en intelligens og intensitet man ikke har sett siden DE ANDRES LIV. Et formidabelt ensemble skaper troverdige og komplekse skikkelser med den fantastiske Nina Hoss som Barbara i spissen.


BARBARA er den første filmen av Christian Petzold som får kinodistribusjon i Norge. Petzold regnes som en av de viktigste regissørene i ny tysk film fra 2000-tallet. Han har laget filmer som YELLA og JERICHOW. Begge disse filmene hadde Nina Hoss i hovedrollen. Med BARBARA har han i manges øyne laget sin beste film til nå. På Berlin filmfestival mottok han prisen for beste regi.


BARBARA har ikke bare blitt en stor suksess på kino i Tyskland, men også i Frankrike.

 

*************


BARBARA: OM KJÆRLEIK OG MISTRU I DDR


- av Astrid Sverresdotter Dypvik, historikar og forfattar av den aktuelle boka "Det var DDR - Forteljingar om eit nedlagt land" som kommer ut på Samlaget.

 

I BARBARAs opningsscene sit ei vakker blond kvinne på ein kvit benk. Uttrykket i andletet hennar er bistert. Ho kjederøykjer. Frå eit vindauge ser to menn ned på henne. Den eine er kledd i kvit legefrakk, den andre i svart. "Har ho venner?", spør mannen i kvitt. "Nei, fengselsopphaldet hadde ein øydeleggjande verknad på vennekretsen" svarar den svartkledde.


Kvinna på benken er Barbara. I det filmen startar er ho på veg til sin første dag i ny jobb som lege på eit provinssjukehus. Barbara er på ein stad ho ikkje vil vere, i eit land ho ønskjer å forlate. Problemet er at tryggingspolitiet Stasi er fullstendig klar over det. Dei har sett inn store ressursar på å hindre Barbara i å lukkast.


Barbara er ingen politisk dissident. Men ho blir likevel ein samfunns- fiende i DDR. Brotsverket hennar er at ho elskar ein mann frå Vest-Tyskland og ønskjer å leve saman med han.


Det er ikkje plass til Barbaras kjærleik til Jörg i det samfunnet kom- munistpartiet og Stasi vil ha. Kjærleiksforhold til vest-tyske borgarar var rekna som ein tryggingsrisiko på grunn av den kalde krigen. I Barbaras tilfelle er saka enno vanskelegare. Då Berlinmuren vart reist på sein- sommaren 1961 var eit av hovudmåla å hindre folk som Barbara i å forlate DDR. Ho er ein svært kompetent barnelege. DDR har brukt mange år på å utdanne henne. Barbara er ein ressursperson som DDR ikkje vil late Vest-Tyskland få nytte av.


Barbara held seg unna sine nye kollegaer. Ho smiler ikkje, og ho småpratar ikkje. André, den nye sjefen, viser ei spesiell interesse for henne. Når han tilbyr seg å køyre henne heim etter jobb, spør han ikkje om kvar ho bur. "Dei har vel informert deg" er Barbaras lakoniske kommentar. Men kan det vere andre grunnar til at André er vennleg enn at han vil vinne Barbaras tillit slik at han kan tyste på henne?


Tyske aviser har rosa BARBARA for å gje eit sjeldant finstemt portrett av DDR. Skildringar av DDR på film fram til no kan delast opp i to hovudkategoriar. Den eine viser DDR som eit Stasiland. Det er eit land der dei dystre fargane dominerer. Det viser nedslitne bygardar, ein betonggrå Berlinmur og uni- formskledde soldatar. Ein viktig eksponent for denne typen skildringar er den Oscarvinnande filmen DE ANDRES LIV frå 2006. I regissør Florian Henckel von Donnersmarks forteljing er Stasi sjølve kjernen i historia.


Den andre typen DDR-skildringar er prega av ostalgi, eit nostalgisk svermeri rundt dei enkle tinga i DDR-kvardagen. Ostalgiske filmar viser som regel eit fargerikt karneval av raude faner, portrett av partiformann Erich Honecker og typiske DDR-daglegvarer som sylteagurkar frå Spreewald. I Noreg vart fenomenet særleg kjent gjennom Wolfgang Beckers film GOODBYE LENIN frå 2003. Ostalgien har ofte òg med rette fått mykje tyn i tysk presse for å skjønnmale diktaturet DDR. Wolfgang Beckers film er ikkje slik. Han gjev inga rosenraud ostalgisk framstilling av DDR. I GOODBYE LENIN er DDR-staten brutal. Men det er dei lattervekkande sidene av samfunnet som står i sentrum.


Filmen BARBARA ikkje ostalgisk. Han er fri for visuelle DDR-klisjear som raude faner og Honecker-portrett. Han viser heller ikkje eit blygrått Stasiland. Historia om Barbara er lagt til seinsommaren. Graset er grønt, himmelen blå og ei gyllen sol skin over den vesle provinsstaden der handlinga føregår. Filmen viser ein kvardag som hadde rom for vennskap, varme og kjærleik. Samstundes viser han også Stasis beinharde overvakings- og undertrykkingsapparat.


Med små setningar uttalt i ein kvardagsleg tone, viser regissør Petzold korleis staten, eller meir presist, kommunistpartiet og Stasi, kunne styre sjølv dei små detaljane i borgaranes liv. "Leilegheita du har blitt tildelt er forferdeleg," seier André til Barbara. Setninga viser til at det ikkje fanst nokon fri bustadmarknad i DDR. Borgarane fekk tildelt bustad gjennom det statlege bustadkontoret. Barbara, som har kjærast i vest og eit intenst ønskje om å forlate landet, får ei leilegheit som liknar ei mørk og trong fengselscelle. Også den er ein del av straffa for dei vala ho har gjort i livet sitt. Ingenting i DDR var for smått for Stasi.


Det å rømme frå landet har fått mykje plass i ettertidas forteljingar om DDR. Det er særleg dei spektakulære historiene, dei som rømde vestover i luftballongar, gjennom underjordiske tunellar eller som padla til Danmark på surfebrett som blir hugsa.


Det at DDR-borgarane kunne søkje om utreise, for sidan å forlate landet på legalt vis er ukjent for mange. I denne filmen spelar det å søkje om utreise ei viktig rolle. Mellom 1961 og 1988 reiste 383 000 menneske frå DDR med godkjentstempel frå staten. Men det å søkje om utreise var inga lettvint løysing. Dei aller fleste søkjarane fekk avslag. Dei som fekk reise måtte som regel vente i fleire år. Men om ein først hadde søkt, kunne ein uansett utfall, vere heilt sikker på å bli utsett for systematisk diskriminering og trakassering frå styresmaktene.


REGISSØR CHRISTIAN PETZOLD (f. 1960) er oppvaksen i delstaten Nordrhein-Westfalen, lengst vest i Tyskland. Men DDR er ikkje eit ukjend land for han. Som barn besøkte han landet kvar sommar. Begge foreldra hans forlet DDR på 1950-talet. Men dei kutta aldri kontakten med det landet dei hadde flytta frå. Petzold har sjølv sagt at han med filmen BARBARA ville gje eit litt annleis portrett av DDR, han ville vise eit DDR i fargar.


**********


PRESSEN OM FILMEN:


"Alle som likte DE ANDRES LIV burde se BARBARA" - MSN


"Et politisk og personlig drama med stor kraft" - Le Monde


"En spennende, smart og rørende film" - Berliner Zeitung


"Et varmt og intenst kjærlighetsdrama med gnistrende kjemi og en handling satt til det gamle DDR i 1980" - Rushprint


"Et høydepunkt på Berlin filmfestival ... Petzolds fascinerende stil har ikke et overflødig bilde eller bevegelse" - The New York Times


"Et subtilt og svært intelligent verk med en slutt som vil ta pusten fra deg" - Screen Daily


"Storartet" - Süddeutsche Zeitung


"Nina Hoss' presise skuespill er et under" - The Guardian