Siste nyheter

Alle elsker THE SQUARE

Nå er Ruben Östlunds kritikerroste, sylskarpe satire THE SQUARE klar for kinoer over hele landet. Filmen vant den prestisjetunge Gullpalmen i Cannes i år, er Sveriges...

 

Innspillingen av Dag Johan Haugeruds BARN er i gang

BARN av Dag Johan Haugerud har i dag hatt sin første opptaksdag i studio i Trollhättan, med noen av Norges fremste skuespillere i rollene.

 

Gullpalme-vinner Ruben Östlund til BIFF

Ruben Östlunds Gullpalme-vinner og Sveriges Oscar-kandidat THE SQUARE åpner Bergen Internasjonale filmfestival 26. september. Östlund og produsent Erik Hemmendorff kommer til...

 

Gullbjørn-vinner Ildikó Enyedi på Norgesbesøk

Ungarske Ildikó Enyedi vant både Gullbjørnen og kritikerprisen for «Om Kropp og sjel» på Berlinalen i år, og gjorde med det et imponerende comeback. Det...

 

Studio Ghiblis ONLY YESTERDAY er månedens film på Cinemateket

Månedens film på cinemateket i september er en Studio Ghibli-klassiker fra mesterregissøren Isao Takahata (Prinsesse Kaguya og Ildluens grav)!

Only Yesterday var en av de...

 

YOUR NAME på Kulturnatt

Om ett års tid åpner VEGA SCENE – Oslos nye møtested for film og teater. Men vi klarer ikke vente så lenge: På Oslo kulturnatt inviterer vi til japansk utekino...

 
 
Tittel: Norwegian Wood
Original tittel: Noruwei no mori
Regi: Tran Ahn Hung
Skuespillere: Rinko Kikuchi, Ken'ichi Matsuyama, Kiko Mizuhara, Kengo Kora, Tetsuji Tamayama, Reika Kirishima
Manus: Tran Anh Hung basert på Haruki Murakamis bok Norwegian Wood
Musikk: Jonny greenwood
Sjanger: Drama
Nasjonalitet: Japan
Språk: Japansk
Lengde: 2 t. 14 min.
Produksjonsår: 2010
Sensur: 15 år
Premiere kino: 18.03.2011
Release DVD: 24.08.2011

/

Norwegian Wood

Tran Anh Hungs filmatisering av Murakamis suksessroman Norwegian Wood
Filmen alle Murakami-fans har ventet på! NORWEGIAN WOOD er lagt til Tokyo på slutten av 60-tallet. Studentene ønsker revolusjon, men Watanabe er mer opptatt av kjærligheten og de sterke følelsene han har for den innadvendte Naoko som han har kjent siden barndommen. Men så kommer den friske og utadvendte Midori susende inn i hans grå studenterliv. Watanabe lider valgets kvaler.

Haruki Murakami er en høyt elsket forfatter. Ikke minst her i Norge. Det kunne vi oppleve til gangs på sensommeren i fjor da han gjestet Litteraturhuset i Oslo. Han har et enestående for- fatterskap bak seg og mange har ønsket å filmatisere bøkene. Murakami har sagt nei. Inntil nå.

Den vietnamesiske mesterregissøren Tran Anh Hung (bl.a. CYCLO, DUFTEN AV GRØNN PAPAYA OM MORGENEN) har fått tilliten og æren av å gi NORWEGIAN WOOD et liv på lerretet. Det er ingen enkel oppgave med en bok som så mange har kjær, men Tran har klart oppgaven med bravur. Han kombinerer det vakre og det triste i boken på en utsøkt måte.

NORWEGIAN WOOD er lagt til Tokyo på slutten av 60-tallet. Studentene ønsker revolusjon, men Watanabe er mer opptatt av kjærligheten og de sterke følelsene han har for den innadvendte Naoko som han har kjent siden barndommen. Men så kommer den friske og utadvendte Midori susende inn i hans grå studenterliv. Watanabe lider valgets kvaler.

FØRSTE FORSØK I KJÆRLEIK
av Frode Grytten, forfattar

Tenk deg ei samling forskarar og professorar, vitskapelige assistentar og amanuensisar. Tenk deg at dei sjekkar inn på Heartbreak Hotel med eitt einaste mål, dei skal løyse denne menneskelige gåta: Kva er kjærleik? Etter registrering og lunsj tar dei til. Dei har med seg tjukke rapportar og eit enormt statistisk materiale. Dei snakkar, diskuterer og held talar. Heile dagen går med til førelesningar, samtalar og plenumsdebattar.

Tenk deg tre dagar på Heartbreak Hotel, gjengen med forskarar som forsøker å løyse gåta, men som siste dag er like langt. Dei veit ikkje. Dei veit rett og slett ikkje. Dei har virra viljelause rundt i mørket. Kanskje har eit par av forskarane funne fram til kvarandre i løpet av natta, kanskje har dei forelska seg i kvarandre på rom 409, ja, kanskje har eit par eller to til og med funne den store kjærleiken. Samtlige har tenkt tilbake på eige liv. Om og om igjen har dei spelt av fortida inni hovudet. Dei har gjenkalt ansikt, hud, hår, røyst, kyss, kjærteikn, føflekk på halsen rett under mjuk, rund øyreflipp.

Men kva er kjærleiken? Vel, eg har her eit konkret forslag til program for dette seminaret: 1) Registrering og lunsj, 2) Lesing av romanen Norwegian Wood av Haruki Murakami og 3) Visning av filmen Norwegian Wood av Tran Anh Hung. Då burde mykje vere på plass, ikkje alt sjølvsagt, det hadde vore forferdelig kjedelig, alt skal ikkje falle på plass så lett, men det er ein god start for å sirkle inn temaet.
Sjølv snakkar den japanske forfattaren Haruki Murakami ugjerne om eigne bøker. Han blir blass som eit gammalt polaroidbilde når han skal tolke sitt litterære univers. Like greitt. Vi kan lese han, vi treng ikkje dissekere han. Og med Norwegian Wood tar Murakami oss med til ein stad vi alle har vore eller vil hamne ein gong: Første forsøk i kjærleik. Der vi famlar, lengtar, jublar, deppar, grin og ler.

Denne enorme lengta, all denne lysta. Hos Haruki Murakami ønskjer folk seg så mykje. Trass sin kule og kjølige stil, sin overflatiske og automatiske framferd, er Murakamis karakterar særs sårbare, dei vil gjerne vere del av noko større, dei vil høre til. Vi forstår denne svolten hos dei mette, gjenkjenner denne søkinga hos dei framandgjorte i ei ekstremt pengebasert verd.

På briljant vis skildrar Haruki Murakami moderne kjærleik. Alle formar for kjærleik finst i hans bøker: platonisk, sex-drive, romantisk, gammaldags, sjølvnytande, oppofrande, den store kjærleiken. Det er også noko merkelig på gang hos Murakami, noko som ikkje går opp, noko som vi aldri blir ferdig med. Kanskje er det slik: Plotet i ein Murakami-roman er like underlig som hjernen vår.

Men korfor må folk vere så einsame? Murakamis karakterar går som satelittar i endelause banar. Utan lyd i det ytre rom, så vidt synlige mot det svarte. I beste fall kan dei kople seg på kvarandre ei lita stund, ein stad ute i det uendelige, ein stad nede i det forgjengelige. Ingen løfter, ingen framtid, ingen bindingstid.
Det finst ingen enkle svar hos Haruki Murakami, ingen garantiar. Det sikre er illusorisk, sanninga er umulig og røynda eit kompromiss. Svara finst i botn av ein tom brønn og individet er eit hus som står i brann, så kom deg ut mens du framleis kan. Folk blir kopla frå kvarandre igjen, driv frå kvarandre, vektlause, metallskrap i drift, romhunden Laika, Sputnik Sweetheart. And when I awoke, I was alone, this bird had flown.

I desember 1988 kunne eit japansk nyheitsmagasin melde: "Haruki Murakami har rømt frå landet." Då hadde romanen Norwegian Wood vore til sals i eitt år. Det var ein roman som skulle forandre Murakamis liv. Han gikk frå å vere forfattar til å bli eit fenomen. Han gikk frå kultstatus til megakjendis. Boka gikk i millionopplag, og det gikk han på nervene. Japansk te blei kalt Norwegian Wood. Japansk vin blei kalt Norwegian Wood. Alt blei kalt Norwegian Wood. Haruki og kona orka ikkje all viraken, all støyen, all den norske skogen. Den gruppa som først hadde kasta seg over Norwegian Wood, var tenåringar og jenter tidlig i 20-åra. Dei fikk til og med eige kallenamn i Tokyo, den norske stammen, og dei opererte nærmast som ei kultsekt. Dei samla seg i bydelen Shinjuku, klynga seg til sine eksemplar av boka og diskuterte ho i filler, som om dei hadde eit alternativt seminar om kjærleik gåande.
Men for å selgje over tre millionar eksemplar av ei bok på kort tid, må du nå breitt ut, og Norwegian Wood fann raskt vegen til unge og gamle, menn og kvinner, ja, romanen fann vegen ut i heile verda. No har forteljinga endelig klatra opp frå boksidene til det store lerretet. Mange regissørar har forsøkt seg, men bare meisteren Tran Anh Hung har fått lov. 23 år tok det altså før Watanabe, Naoko og Midori fikk eit liv på filmduken. Og no sit folk i salar verda over, ser på desse første forsøka i kjærleik. Sjølv om vi ser Koyoto og Tokyo, kjenner vi igjen episodar frå våre eigne liv. Vi har alle sjekka inn på Heartbreak Hotel, tatt heisen opp, låst oss inn. Vi har kledd av oss skjorte, bukser, undertøy, tatt kvarandre i armane, kopla oss på kvarandre. Blitt til menneske.

Etter å ha sett filmen, tenker eg: Burde det ikkje finnast ei Lærebok i første kjærleik? Ei lita handbok med heilt enkle kjørereglar. Slik gjør du, slik og slik og slik, unngå dette, for all del: ikkje gjør det på den måten. Pedagogisk tekst, forklarande illustrasjonar, eit lite register bak der ein kan slå opp og så bla tilbake for å få klare svar. Eg tenker at ei slik bok ville ha gjort ting mykje enklare for Watanabe, Naoko og Midori. Boka ville ha spart dei for mykje smerte. Men så tenker eg også at det er livet sjølv som blir skildra i denne forteljinga frå Japan, og så langt har det ikkje komme ei einaste fullgod kokebok i kunsten å leve. Førebels får vi klare oss med Norwegian Wood, ei lita forteljing frå kjærleikssommaren på slutten av sekstitalet. Ei stor forteljing om den store kjærleiken. Og eg spør slik Beatles spør heilt til slutt i filmen: Norwegian Wood/Isn't it good?
Å, jo!

*****